Fredag morgon blei eg henta med buss paa hostellet, og vi kjorte 3 timar lenger nord for aa besoke regnskogen Cape Tribulation. Forste stopp var Mossman Gorge der vi fikk ein guidetur gjennom regnskogen og dei som ville kunne svomme, men eg nekta i det iskalde vatnet!! Saa drog vi til Koala village in the middle of nowhere og spiste lunsj. Det er midt i regnskogen, og det er umulig aa komme seg nokon veg uten bil. Etter ein burger med speilegg og altfor store mengder rodbetar forsatte vi mot Daintree River Cruise for aa jakte etter krokodiller. Vi saag nokre store, og nokre heilt smaa, og fekk mange advarslar om at desse dyra ferdast overalt saa vi skulle for all del ikkje bade i sjoen. Deretter drog vi til vaar accomadation som var Cape Trib Beach house.
Det laag langt fraa alt, var ingen data, tv eller telefondekning. Det var og heilt morkt naar klokka var seks om kvelden, og siden eg var livredd alle lydane og dyra i skogen var eg ganske tidleg i seng. Fikk forsaavidt den beste natta paa lenge, sov fra ni om kvelden til ni om morgonen og det var ingen som forstyrra slik som dei gjer i hostella! Minuset var at sandflugene var sers glade i meg, og naar eg vakna hadde eg store bitt over heile fottene, ser ikkje saa bra ut!!
Dagen etter var vi uten guide og skulle gaa rundt paa oya aleine. Vi spaserte oss over Cape Trib beach som er lang, kvit og nydelig. For aa komme over til myall beach maatte vi krysse ei elv, saa vi spaserte oss no over. Paa andre sida er det fyrste som moter oss eit stort skilt som seier at det er krokodiller i vatnet og ein skal vise stor forsiktighet. Saann gaar det naar ein sleppe oss lause i regnskogen uten guide.
Daa vi kom til beach house fortalte guiden om ein stor fulg som ferdast i regnskogen, og det var ein slik som likte aa plage gjestane i beach house. Dei gav han namnet Elvis og den er virklig stor!! Eg haapte heile helga og ikkje mote den for guiden sa at dersom vi ser elvis og den legg merke til oss vil den angripe. Den vil springe etter oss og sparke, og den er saa stor at det vil ikkje vere noko godt. Look him into the eyes, scream, wave with your arms and whatever you do DO NOT RUN var guiden sine raad. Alle dei raada stride mot min natur, eg skulle helst sprunge for livet naar Elvis kom, men daa kom han til aa springe etter meg sa ho. Heldigvis slapp eg aa mote han, trudde eg. Men naar eg skulle opp igjen til bussen tilbake til Cairns saa sto eg plutselig ansikt til ansikt med Elvis som var plassert midt i vegen. Eg var ganske skjelven i buksene og nekta aa gaa forbi, men etter at folk hadde pusha paa meg lenge gjekk eg forbi med lukka auge og tenkte "ikkje spring, ikkje spring". Heldigvis viste Elvis med ingen interesse.
No er eg trygt tilbake i Cairns dog med 40 nye bites on my legs, men det var verdt det. No reise danskane snart vekk, men gjett kem som tok fly hit i gaar? Marie, Birte og Hege! Dei er no og sove middag etter vaart store wok maaltid. Idag har vi berre kosa oss i bassenget med Louise, Jesper, Markus, Phillip, Jonathan og resten av den svenske gjengen. Kor og naar turen gaar vidare er framleis usikkert, men eg reise vekk fraa cairns eingong i neste veke.
søndag 21. oktober 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei Malin. Takk for bursdaghelsing , det er kjekt å sjå at du har det bra.Besta las det du hadde skrive, sitat: - Å ja du må berre prøve - herrregud. Sitat slutt.Ho var forresten i Førde i går, med nye "helesko", inn på Gjengangaren- vått golv, og som ei bløtkake, beinarett fram og ræva ned. Den er blå. Ha det bra. Besta.:"Det ska vel bli eitkvart...
Haha, sann kan det gaa med nye sko :P
Legg inn en kommentar