No er eg nett tilbake fra ein 3 dagers segltur paa whitsundays utfor Airlie Beach i queensland. Det var paa den store dykkebaaten med namnet Wings. Gruppa var ein god mix av alt mulig, mest eldre egentlig. Heldigvis traff eg igjen Vicky og Trine og nokre nye svenske jenter saa vi har hatt en kjempetur. Forste dagen fikk eg mitt introdive paa great barrier reef. VI var ei gruppe paa 4 som dykka med ein instruktor som var veldig flink. EG som ikkje eg heilt frisk fra min aircondition forkjolelse fikk sjolsagt oreproblem. Etter mange forsok klarte eg fremdeles ikkje og poppe hogre ore, og det var smertefullt saa han ville ikkje la meg gaa djupare. Det odela for fleire dykk paa turen, men eg fikk sett masse berre ved aa snorkle. Det er som aa svomme rundt i eit stort akvarium. Det kjem hundrevis av fargerike fiskar som omringar deg, og vi saag nemo. Store skilpadder, masse fint korall og forskjellig fisk i alle storrelsa. Ingen hai! Dagane var mest lagt opp rundt dykking og snorkling, men vi fekk ogsa besokt nokre oyer. Blant anna Whithaven beach som maa vere den finaste plassen paa jord!!! Det gaar ikkje aa beskrive, men det vcar konklusjonen til alle etter aa ha tilbrakt nokre timar der. Skal legge ut bilder seinare, men som vanlig vil ikkje dissa h.... maskinene!!
No er eg i Airlie Beach og maa vere her til fredag daa turen gaar til Hervey Bay. Der haapa eg og mote danskane og svenskane eg var med i Cairns igjen. Saa skal eg paa ein tur til Fraser Island som er den store sandoya i verda. I kveld skal vi paa byen med baatgjengen. Gjekk ogsa paa byen forste dagen i Airlie Beach med to kara fra england. Vi gjekk paa ein plass som heite Magnum, og gjett ka som skjer? Eg gaar i baren for aa bestille en drink, og syns eg ser eit kjent fjes. Daa var det ei Karoline fra Floro som jobba i baren!! Verden er ikkje stor.
Dei 3 jentene fra forde er no i en liten by og plukka banane og slaass mot edderkoppa. Hehe, eg venta med jobb til Brisbane! Haapa alle har det bra heime.
tirsdag 30. oktober 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar